• Nenhum resultado encontrado

PDF Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2023

Share "PDF Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)"

Copied!
5
0
0

Texto

(1)

Gol bibliotek i Hallingmo kunnskaps- og kulturpark (Ref #1043)

Søknadssum: 348000 Varighet: Ettårig Kategori: Forprosjekt

Opplysninger om søker

Organisasjonsnavn / nr

Gol kommune / 964952612 c/o Gol bibliotek, Svøovegen 5 3550 Gol

www.golbibliotek.no / www.gol.kommune.no

Institusjonens leder

Hege Mørk

Ansvarlig kontaktperson (søker)

Hanne Brunborg 32029284 /

Mål for prosjektet

Målet for forprosjektet vil vere å skape eit best mogeleg teneste- og

samarbeidsgrunnlag for Gol bibliotek og samarbeidspartnerar på Hallingmo, slik at biblioteket blir ein sentral part i den planlagde stadsutviklinga på Hallingmo (og i Gol kommune/Hallingdal).

Prosjektbeskrivelse

Gol kommune er ei vekstkommune og har ca 4.600 innbyggjarar. Gol fungerer som skule- og regionsenter i Hallingdal, med grunnskular, vidaregåande skule, vaksenopplæring, folkehøgskule og høgskuletilbod gjennom m.a.

Folkeuniversitetet. Netto innpendling av dagleg arbeidskraft frå nabokommunane

(2)

aktørar på Hallingmo. Ein kultursal må byggjast. Det er ønskjeleg å få plass til Galleri Gol i samband med biblioteket. Sambruk med andre funksjonar er viktig.

Biblioteket må difor utvidast eller flyttast for å kunne yte tenester til alle dei ulike brukargruppene. Det er utarbeida planprogram for området og eit vinnarutkast frå Atelier Oslo for plan- og designkonkurranse, sjå:

http://www.gol.kommune.no/Tjenester/Planar-og-regulering/Hallingmoprosjektet1/.

Vinnarutkastet var for stort til å vere vedlegg, men lenka er:

http://www.gol.kommune.no/golfiles/Planar_og_regulering/Hallingmoprosjektet/02%20Vi%20m%c3%b8tes%20p%c3%a5%20Gol.pdf For biblioteket inneber desse planane ei stor utfordring. Gol bibliotek har i dag

allereie høg aktivitet og for lite plass/personale, men har eit godt fagleg nivå med 3 fagutdanna bibliotekarar og ein 0,2 sekretærstilling i staben.

Kombinasjonsbiblioteket har fungert sidan 1968 og er eit viktig tilbod til alle personar og skular i Gol. Dagens lokaler er på ca 555 kvm og vart utvida i 1987.

Dei nye planane for Hallingmo inneber ca. ei dobling av elevtalet og talet på tilsette ved skulane i området. Tanken er at Gol bibliotek også skal tene som skulebibliotek for heile den nye grunnskulen. Høgare aktivitet i Hallingmo på ettermiddags- og kveldstid vil og krevje meir av biblioteket. Mange av skulebrukarane på dagtid vil også vere «fritidsbrukarar» på

ettermiddags-/kveldstid. Gol bibliotek er og ein «ytar» i biblioteksamarbeidet i Hallingdal. Så i sum er desse utviklingsplanane for Hallingmo eit unikt høve for Gol bibliotek og dei ulike partane på Hallingmo til å ytterlegare styrke samarbeidet til beste for Gol og Hallingdal. Det vil bli laga ei intensjonsavtale for dette

samarbeidet.Undervegs i forprosjektet vil ein i tillegg ha kontakt med m.a. ulike lag og organisasjonar.

Forprosjektet vil ha særleg fokus på:

• Formalisering av biblioteksamarbeid mellom Gol bibliotek og dei ulike institusjonane også på «nye» Hallingmo – avtaler etc.

• Definering av nivå og omfang av tenester til ulike brukargrupper.

• Mogelegheiter for nyskaping og betre tenestetilbod innan formidling til barn og unge, digitale tenester og med omsyn til mangfald/inkludering.

• Utforming av bibliotekrommet sett opp mot bibliotektenestene.

• Praktisk prosjektstøtte, kjøp av prosjekttenester, erfaringsinnhenting og kompetanseutvikling.

Ei slik «megakombinasjon» av eit kommunalt bibliotek, med heile utdanningsløpet frå barnehage til høgskuletilbod inkludert og med eit nærare samarbeid med andre delar av kulturfeltet, vil kunne vere ein modell av nasjonal interesse. Gjennom dagens trippelkombinasjon har vi allereie erfart at det gjev ei effektiv drift med høg kvalitet, og med eit bibliotekfagleg miljø som ein i ei mindre kommune elles ikkje ville hatt. Vi ønskjer difor å bruke desse erfaringane til å få det beste ut av dei nye planane for Hallingmo.

(3)

Start- og sluttdato for prosjektet

Prosjektvarighet

Ettårig

Fra dato

01-01-2013

Til dato

01-02-2014

Aktivitetsplan for prosjektet

Beskrivelse Fra dato Til dato

Organisering og planlegging, prosjektgruppe og leiing 01-01-2013 01-03-2013 Kompetanseutvikling (kurs/studieturar, tilsette + gruppe) 01-02-2013 31-12-2013

Erfaringsinnhenting – innleie/kjøp av tenester 01-03-2013 31-12-2013

Definere tenestespekter, oppgåver, innhald 01-03-2013 01-10-2013

Utarbeide samarbeidsavtaler 01-08-2013 01-10-2013

Utarbeide konkurransegrunnlag, arkitekt, fysiske løysingar 01-09-2013 31-12-2013 Grunnlag for hovudprosjekt, plan for gjennomføring 01-11-2013 31-12-2013

Evaluering 01-12-2013 31-01-2014

Andre opplysninger

Det vil vere aktuelt å søke om 3-årige prosjektmidlar når forprosjektet er avslutta, for å kunne realisere planane og iverksetje ulike tiltak. Aktivitetsplanen syner ulike delaktivitetar, men

«trykket» på desse vil variere gjennom året. Som forprosjekt, så er det naturleg at ein må gjere ein del revisjonsarbeid etter kvart som ein gjer seg erfaringar og får meir kunnskap. Difor er sluttdato sett til 31.12. på fleire delaktivitetar, og så må prosjektgruppa lage ein revidert tidsplan etter kvart.

Samarbeidspartnere

(4)

Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle

Gol vidaregåande skule Gymnasvegen 27 3550

Gol

nei Deltakar forprosjekt

Gol ungdomsskule Svøovegen 4 3550

Gol

nei Deltakar forprosjekt

Gol skule Skulevegen 11 3550

Gol

nei Deltakar forprosjekt

Læringssenteret Gol vaksenopplæring Gamlevegen 2B 3550

Gol

nei Deltakar forprosjekt

Folkeuniversitetet Hallingdal Gamlevegen 2B

3550 Gol

nei Deltakar forprosjekt

Buskerud fylkesbibliotek Postboks 3554

3007 Drammen

nei Deltakar forprosjekt

Kulturavdelinga, Gol kommune Gamlevegen 4

3550 Gol

nei Deltakar forprosjekt

(5)

Budsjett

Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 348000

Utgifter

Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet

Organisering og planlegging, prosjektgruppe og leiing 40000 40000

Kompetanseutvikling (kurs/studieturar, tilsette+prosjektgruppe) 130000 130000

Erfaringsinnhenting – innleie/kjøp av tenester 100000 100000

Definere tenestespekter, oppgåver, innhald 100000 100000

Utarbeide samarbeidsavtaler 10000 10000

Utarbeide konkurransegrunnlag, arkitekt, plan fysiske løysingar m.m. 150000 150000

Grunnlag for hovudprosjekt, plan for gjennomføring 40000 40000

Evaluering 10000 10000

Totale utgifter

580000

580000

Inntekter

Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet

Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 348000 348000

Eigenfinansiering/-innsats 232000 232000

Totale inntekter

580000

580000

Vedleggsoversikt

Beskrivelse

Planprogram Hallingmo

Referências

Documentos relacionados

Cinética do cinamaldeído Através do gráfico 01, observa-se que há um equilíbrio entre os produtos de redução e oxidação e o ácido permanece como produto majoritário.. Todos os produtos