• Nenhum resultado encontrado

Statusrapport - Bibliotekutvikling

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2023

Share "Statusrapport - Bibliotekutvikling"

Copied!
2
0
0

Texto

(1)

PRAKSISFELLESSKAP Alver bibliotek

Søknad: Utviklingsmidler for 2013 Start: 2014 Slutt: 2016 Søknadssum: 1 480 000

Side 1 av 2

Statusrapport

Søknadstype Statusrapport

Prosjekttittel PRAKSISFELLESSKAP

Mål for prosjektet Undertittel: To bibliotek - ein struktur

1. Utvikle eit alternativ til hovudbibliotek / filial-struktur ved samanslåing av kommunar.

2. Betre kvaliteten på bibliotekstilbodet i Lindås og Meland gjennom å lage to spesialiserte bibliotek som til saman utgjer eit heile og å utvide opningstida ved å opprette meiropne bibliotek.

3. Utvikle biblioteka til å bli uavhengige og attraktive møteplasser for offentleg samtale og debatt.

Statusrapport

Prosjektet praksisfellesskap

Utviklinga i prosjektet er god. Det er med stor entusiasme og arbeidsvilje at dei to biblioteka no har starta utviklingsarbeidet fram mot å etablere to spanande bibliotek under ein struktur. Vedlagt følgjer ein samordna tiltaksplan der alle tiltaka i aktivitetsplan for prosjektet og tiltaka i dei vedlagte

kompetanseoppbyggings- og arbeidsplanane er samordna under dei tre hovuddelane i prosjektet; det fysiske rommet, kompetanseoppbygging og arrangement og aktivitetar. For å få betre oversikt over framgangen i prosjektet er det i tillegg utarbeidd ein eigen milepælsplan. Som det går fram av desse vedlegga følgjer framdrifta prosjektplanen, utan avvik.

Prosjektet fekk tildelt kr 220 000 mindre for 2014 enn pålydande søknadssum frå Nasjonalbiblioteket.

Prosjektsøknaden var i tillegg basert på støtte frå Hordaland fylkesbibliotek sitt prosjekt «Sterk, spenstig, klar», denne støtta vart likeeins mindre enn budsjettert. Dette har medført ei omarbeiding av budsjett og tiltaksplan. Tilskotet frå Hordaland fylkesbibliotek til inventar og utstyr vert flytta til 2015. Planar om innleidd hjelp fell bort, nokre av tiltaka er flytta fram i tid og andre prosjekteksterne arbeidsoppgåver biblioteka ville ha arbeidd med vert lagt på is for å klare å halde tiltaksplanen i prosjektet. I tillegg til avsett tid til arbeid med prosjektet, legg kommunane inn kr 200.000 ekstra for kvart av dei neste to åra. Med desse endingane skal vi klare å gjennomføre prosjektet som planlagt.

Prosjektet medfører inngripande endringar i bibliotekkvardagen med omsyn til samlingsutvikling, lokale, arbeidsoppgåver og aktivitetstilbod. Under arbeidet dukkar det opp utfordringar som vi må gripe fatt i for å sikre at den vidare drifta ikkje stagnerer. Til dømes ser vi at når samlingsutviklinga skal samordnast krev dette eit felles uttalt syn på korleis ei god biblioteksamling skal stå fram. Vi har

(2)

PRAKSISFELLESSKAP Alver bibliotek

Søknad: Utviklingsmidler for 2013 Start: 2014 Slutt: 2016 Søknadssum: 1 480 000

Side 2 av 2

derfor starta arbeidet med ein felles samlingsutviklingsplan som skal vere klar i haust og som det vidare arbeidet med fellessamlingane skal bygge på. Vi trur samlingsutviklingsplanen i seg sjølv vil få stor overføringsverdi for andre kommunar.

Søker

Organisasjonsopplysninger

Organisasjonsnavn Lindås bibliotek og Meland bibliotek Organisasjonsnummer

Kontonummer Institusjonens leder

Fornavn Marit Gro

Etternavn Berge

Telefon E-post

Er institusjonens leder kontaktperson for prosjektet?

Budsjett

Tildelt beløp fra Nasjonalbiblioteket for alle prosjektårene:

1480000

Vedlegg

Vedlegg Tiltaksplan-praksisfellesskap.docxMilepælsplan-

prasisfellesskap.docx

Referências

Documentos relacionados

Em virtude deste contexto, e ciente de que as ações da equipe de enfermagem podem prevenir a ocorrência de erros e eventos adversos (EV) promovendo a segurança do paciente, tem-se