• Nenhum resultado encontrado

Statusrapport

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2023

Share "Statusrapport"

Copied!
3
0
0

Texto

(1)

Fortida for framtida Høyanger bibliotek

Søknad: Utviklingsmidler for 2015 Start: 2015 Slutt: 2016 Søknadssum: 125 000

Side 1 av 3

Statusrapport

Søknadstype Statusrapport

Prosjekttittel Fortida for framtida

Mål for prosjektet Hovedmålet med prosjektet er å ta vare på historia vår for framtida. Biblioteket skal være ein digital og teknisk ressurs for biblioteka i vår region gjennom å digitalisere og bevare ikkje- digitale kulturminner. Vi ynskjer å være eit digitalt senter der lånarar og bibliotekbrukarar kan få opplæring i, og hjelp til å bevare gamle kulturminner som ei sentral bibliotekteneste.

Statusrapport

Fortida for framtida er eit toårig prosjekt som tek sikte på at biblioteket skal utvikle seg til å bli ein sentral aktør, og leverandør av digitale og tekniske tenester, for digitalisering og bevaring av ikkje- digitale kulturminner. I følgje aktivitetsplan starta biblioteket med førebuande arbeid i januar, og skulle ha tatt i bruk dei nye tenestane i oktober 2015.

Prosjektleiinga har gått til leiaren av biblioteket. Grunna permisjon tok ny biblioteksjef over frå sluten av september 2015.

Biblioteket har byrja kassering, med mål om å redusere samlinga frå 100 000 til 70 000 medier. Dette er ein systematisk prosess som har lege nede i ein periode. Arbeidet er no undervegs igjen. Originalt var planen å ha utstyret ståande på galleriet i Samfunnshuset. Alt utstyr og møblar som blir kjøpt inn skal ha hjul, så bruk av utstyret vil framleis vere mobil. No ser vi at galleriet er noko smalt til å tene som opphaldsstad for utstyret. Det vil og vere liten plass der for bruk. Det er mogeleg at ei grundig gjennomtenkt plassering av utstyr vil gjere ein i stand til å utnytte det arealet ein har til rådigheit på galleriet.

Eit alternativ vil vere å fjerne ei permanent utstillingssamling i bibliotekets lokale og la utstyret stå der. Når kasseringa går mot sluttfasen vil ein ha betre oversikt over dei mogelegheitene som ligg i bibliotekarealet, som er på 450 m2.

Når det gjeld utstyr er bibliotekets samarbeidspartner Gang Interaktiv. Gang Interaktiv er eit lokalt konsulentfirma som har brei erfaring frå arbeid med digitale tenester. I samarbeid med biblioteket har dei kome med to forslag til innkjøp av utstyr (sjå vedlegg). Biblioteket ynskjer å gå for full pakke dersom økonomien tillet. For å halde for eksempel arrangement og kurt med opplæring i utstyr vil det vere greitt å ha meir enn eit av kvart når vi held på. Dette går på skjermar, tastatur og harddiskar.

Prisoverslaget på full pakke ligg i underkant av 61 500 kr. Ein vil og leige inn folk frå Gang Interaktiv for å halde opplæring av bibliotekpersonale. Til no har vi hatt kontakt med ein bestemt person, som

(2)

Fortida for framtida Høyanger bibliotek

Søknad: Utviklingsmidler for 2015 Start: 2015 Slutt: 2016 Søknadssum: 125 000

Side 2 av 3

blir hyrt inn på timesbasis når vi treng han.

Biblioteket har av NB motteke 75 000 kr for 2015, som står på prosjektkonto. Av desse er til no ingenting brukt, men dei er allereie knytt opp til bestemte utgiftspostar. Der ligg ikkje ved eit reknskap, sidan midlane enno er på konto. Men ei kostnadsoversikt over utstyr følger med.

I tildelinga av midlane skriv NB at dei ynskjer å dekke utgifter knytt til opplæring og prosjektleiing.

Midlane vi har motteke i 2015 er for ein del knytt opp mot utstyr. Noko av dette vil gå under bibliotekets eigenkapital. Sidan NB ynskjer å støtte opplæring og prosjektleiing vil så mykje av midlane som mogeleg knyttast opp til innleige av personar frå Gang Interaktiv for opplæring av personal.

NB skriv og i tildelinga at biblioteket ikkje skal digitalisere kulturarv som NB alt held på å digitalisere. I staden for vil biblioteket satse på å digitalisere privat materiale, og hjelpe andre bibliotek med å hjelpe sine brukarar med digitalisering av privateigd kulturminnemateriale. Tanken er at Høyanger bibliotek skal bli eit lokalt/regionalt senter for denne type arbeid. Ein vil da og kunne sende materiale til oss som vi digitaliserer. Frå før har biblioteket allereie jobba med digitalisering av kassettar, og har utstyr for denne typen arbeid.

Når kassering går mot slutten vil ein byrja innkjøp av utstyr. Biblioteket skal i same periode starte markedsføringa av ny teneste, slik at tilbodet er godt kjend ved oppstart. I markedsføringa av tenesta vil det vere nyttig å bruke bibliotekets facebook profil og blogg. Ein vil og kunne markedsføre seg via Høyanger Historielag og lokalavisa.

Originalt skulle ein ha oppretta den nye tenesta til 15. september i år. Arbeid med prosjektet har vore utsatt på grunn av forhold som biblioteket ikkje har kunna påvirke, men er no undervegs igjen. Målet er at biblioteket skal opne for dei nye tenestene 1. mars.

Søker

Organisasjonsopplysninger

Organisasjonsnavn Høyanger Bibliotek

Organisasjonsnummer Kontonummer

Institusjonens leder

Fornavn Jorun

(3)

Fortida for framtida Høyanger bibliotek

Søknad: Utviklingsmidler for 2015 Start: 2015 Slutt: 2016 Søknadssum: 125 000

Side 3 av 3

Etternavn Systad

Telefon E-post

Er institusjonens leder kontaktperson for prosjektet?

Budsjett

Tildelt beløp fra Nasjonalbiblioteket for alle prosjektårene:

125000

Vedlegg

Vedlegg Utstyrsbudsjett.pdf

Referências

Documentos relacionados

3 Si ricorda che, ai sensi di quanto disposto dal bando: “Le pubblicazioni debbono essere prodotte, a pena di non valutazione, in originale, in copia autentica ovvero in copia